Den skitne løyndommen

Kvikksølv

I nærare 2500 år har mennesket prøvd å hevde at kvikksølv var sjølve ungdomskjelda. Dei kalla det den ultimate kuren mot all sjukdom, løyndomen til evig liv og kjelda til uendeleg visdom. Kvikksølv-eliksiren har vore heldt godt i hevd i heile Europa. På 1800- talet vart det utdanna ei mengde lekjarar i både England og USA, og noko av det viktigaste dei lærde under studiane var at dei skulle gje eit glas kvikksølv-vatn til alle sjuke pasientar uansett alder, kjønn eller symptom. Denne «behandlinga» var ein særs vanleg metode for å framkalle abortar og behandle det som vart omtala som «kvinneleg hysteri» (les: kvinner som talte si eiga sak).

Det 19. århundre var ikkje akkurat steinalderen. Det vart slegen fast at kvikksølv var eit farleg giftstoff som øydela livet for alle som leika med det, inntok det, eller berre rørte ved det. Ein viktig faktor til at det var populært så lenge er den store mektige industrielle demonen som stod bak kvikksølvet og presenterte stoffet som eit middel som kunne lækje absolutt alt.

Midt på 1800-talet møtte kvikksølvrørsla omsider ein fartsdump. Nyutdanna legar vart meir tilgjengelege for alle samfunnslag og ein oppdaga at stadig fleire fekk ukontrollerte skjelvetokter, feberanfall, galskap, raserianfall, rykninger i kroppen og usamanhengjande tale. Det var åpenbart at ei vitjing hos lekjaren kunne ende med forgiftning. Etter kvart som denne innsikta spreidde seg, oppstod det ei 25 år lang tørketid for medisinske forretningar. Folk vart livredde for å gå til lege, og medisinske utdanningsinstitusjonar mista mesteparten av det økonomiske grunnlaget sitt. Dermed kunne naturmedisinarar og healere skaffe seg truverd, og homeopati, kiropraktikk og andre former for alternativ behandling blomstra.

Men så måtte sjølvsagt skulemedisinen gjere sitt inntog på nytt. For å kapre kundar annonserte dei tydeleg at dei no hadde slutta å gje pasientane sine flytande kvikksølv, noko som førte til aukande tillit. Demonen gav seg imidlertid ikkje, og no byrja den å arbeide på andre oppfinnsame måtar å få kvikksølv inn i kroppane til folk. Industrien dumpa det i elvar, innsjøar og over alt.

Hatteprodusentar var av dei som satsa på kvikksølv i prosessen rundt filtreringa. Kjenner du uttrykket «den gale hattemaker»? Ein gjennomsnitts hattemaker levde i snitt 3-5 år etter ansetjing på fabrikken. Kvar einaste som gjekk med filthatt på den tida, fekk seg ein dose kvikksølv kvar gong dei vart sveitt i panna. Truleg stamma dei fleste mentale sjukdommane på denne tida i frå kvikksølvforgiftning frå kvikksølvbrygget som skulle drikkast eller pillar som skulle sveljast.

Den skitne løyndommen
Det er ikkje meininga at du skal få vite om rolla kvikksølv har hatt i historien heilt opp til vår eiga tid. Kvikksølv vert overført gjennom generasjonar. Det er nærast garantert at oldeforeldrene dine og andre av foreldrene dine har smakt kvikksølveleksirer. Dette vandrar gjennom slekter. Det giftige tungmetallet er blitt ein del av oss og gjenspeglar seg i helsa vår. Biletleg talt slepper denne gifta i helsevesenet og dei industrialiserte systema gjennom sprekkene i hjernen.

Kvikksølv er eit fantastisk næringsstoff for kreft, virus og bakterier og kan føre til ei rad av helseproblem. Ingen likar Alzheimer som kan forårsakas av kvikksølv. Eg tipper at den medisinske industrien aldri kjem til å gje kvikksølv skulda for hverken denne eller andre sjukdommar fordi alt for mykje står på spel. Dette er berre litt av kvikksølvets skitne løyndom. Alle har tungmetaller lagra på ulike stader i kroppen sin og dette slår ut i ulike sjukdommar i ulike stadier i livet.

Eg skriv dette fordi eg bryr meg om samfunnsansvar og ynskjer å setje lys på det viktigaste i mitt liv; sannferdig opplysning. Dersom du ynskjer å verne deg sjølv og familien din, må du setje spørsmålsteikn ved absolutt alt. Eg kjem til å fortsetje å skrive, og kjem garantert til å «få på pukkelen» fordi det eg skriv er kontroversielt. Og det er truande især for lekjarindustrien, som fortsatt vil ha deg i si hule hand og halde deg i live med sine giftstoffer nett lenge nok.

Tips: Bli med i Norgesavisens sosiale nettverk – ett sosialt nettverk for deg som er opptatt av Norges fremtid.

Hjelp oss nå ut til flere lesere med våre innlegg

Hjelp oss å lage EKTE nyheter til folket! Ethvert beløp – stort eller lite – hjelper oss å holde driften i gang:

kr.
Velg betalingsmåte
Kontakt opplysninger

Credit Card Info
This is a secure SSL encrypted payment.
Faktura opplysninger

Donasjons beløp: kr. 100 Månedlig

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her