Halvor Tjønns democrazy

1
48

Av Jon Langdal.

Halvor Tjønn er i siste nr. av Dag og Tid med god grunn uroleg for kva gjenvalet av den nye tyrkiske sultanen Erdogan kan føre med seg. Men, legg han til, ikkje fordi dette er så ille i seg sjølv, men fordi det skjer i eit «viktig land» for oss NATO-folk (!). Tjønn spår at Tyrkia-spørsmålet blir så pinleg for NATO at Erdogans rike kan miste medlemskapet i alliansen.

Men da viser Tjønn at han har misforstått den reelle ideen som ligg til grunn for NATO, bak frasane om demokrati og den frie verda. Det har aldri vore noko krav at eit NATO-land må ha frie val, ytringsfridom etc. Den fascistiske portugisiske diktatoren Salazar var ein velkomen partnar i NATO, sjølv om regimet hans dreiv ein brutal kolonikrig i Afrika fram til 1974. (Salige Guttorm Hansen, Ap-mann og i si tid formann i Atlanterhavskomiteen, blei ein gong spurt om kvifor han som sosialist kunne godta dette, svarte han at fascisme, det er eit begrep. Jajamensann). Franco-Spania var reelt sett også ein del av NATO, sjefen sjølv blei hylla både av Eisenhower og Nixon som ein viktig alliert, og på Naval Station Rota i sør-Spania var det ei tid plassert amerikanske atomvåpen. Tyrkia var i same perioden, som Tjønn er klar over, meir eller mindre eit militærdiktatur. Oberstjuntaen i Hellas (1967-1974) blei ikkje berre akseptert som NATO-medlem, men fekk rikeleg med forsyningar av militærmateriell frå USA, og CIA var på førehand vel innforstått med dei greske kupplanane. (Bill Clinton måtte i si tid overfor grekarane seie seg lei for Lyndon B. Johnsons og Richard Nixons støtte til oberstregimet).

Tjønn er også bekymra for «vestlege interesser» i Midt-Austen og lèt til å tru at desse har med demokrati å gjere. Også her skriv han på autopilot, av amerikansk fabrikat. Når var det omsynet til demokrati i dette området dikterte vestleg politikk? Var det ved løftet USA ga (1944-45) om for all framtid å forsvare det saudi-arabiske kongedømet? Eller med kuppet i Syria i 1949, ved innsettinga av sjahen av Persia i 1953, støtta til Frankrike under Algerie-krigen (1954-61), den fransk-engelske Suez-aksjonen i Egypt 1956, USAs støtte til Saddam Husseins krig mot Iran (1980-talet), den de facto aksepten av Israels settlarkolonisering av den palestinske Vestbreidda? Kva med samarbeidet med dagens Saudi-Arabia som krigar med vestlege våpen mot Yemen og forsyner jihadistar i Syria med pengar og salafistiske vers frå Koranen?

Den pensjonerte amerikanske generalen Wesley Clark kom etter enda tenestetid i 1991 på besøk til Pentagon. Han fortel at der låg alt planar føre om å endre regima i «sovjetstatane» Irak, Syria, Somalia, Libya, Sudan, Iran og Yemen. Alt utarbeidd av Richard Pearle, Donald Rumsfeld og Paul Wolfowitz. Desse tenkarane veit at utanrikspolitikk er eit vedheng til næringsinteresser. Om desse kan sameinast med demokrati, er det all right. Men elles ikkje. Denne samanhengen bør Halvor Tjønn ta inn over seg.

Jon Langdal

langdalj@getmail.no

Source: http://steigan.no/

Hjelp oss nå ut til flere lesere med våre innlegg

kr.
Kontakt opplysninger

Kredittkort opplysninger
Denne betalingen er sikret og kryptert via SSL

Faktura opplysninger

Donasjons beløp: kr. 100 Månedlig Donations

1 kommentar

  1. Det er svært mange andre aspekter enn demokrati som er problemet med Tyrkia i forhalde NATO, Europa, Midtøsten, Russland og USA. Litt meir diskré trekker Kina i tråden med å styrke handels forbindelsene Midtøsten og Europa, og då er også Tyrkia strategisk og viktig. Og ikkje minst ser det ut til at de er ein situasjon som passer Erdogan og Tyrkia svært godt å få auka handel og økonomisk vekst har vært ein viktig faktor for at Erdogan kan feste grepet ytterligere i Tyrkia, som enn ser stadig vekk har skjer meir og meir.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR