Midtbøfjellet (245 moh) på Sandøya i Gulen

Når vi er ute og køyrer på ukjende stader (kjende stader for så vidt også), har vi alltid auga med oss med tanke på aktuelle turmål. Vi ser på fjella og eventuelle vardar, vi følgjer med om det er plassert turskilt langs vegen, eller om det er parkeringsplassar med bilar der det er sannsynleg at folk er på tur.
Mange spanande turmål er oppdaga på denne måten, og slik var det vi oppdaga Midtbøfjellet (245 moh) på Sandøya i Gulen:

Vi kom køyrande, på veg til Skjerjehamn, då vi køyrde forbi ein parkeringsplass med 3-4 bilar på. Vi såg folk som kom ned frå ein sti og vi såg eit skilt som viste veg. Eg var raskt inn på ut.no og søkte opp turmål i nærleiken, og der dukka Midtbøfjellet opp. Når ytterlegare søk på Google synte at dette var høgaste toppen på Sandøya, og at det var ein relativt kort tur, så vart det raskt bestemt at den kunne vi ta neste dag før vi skulle køyre vidare.

Skjerjehamn først – slik planen var, så Midtbøfjellet neste dag. 

Turen står skildra på ut.no. Den startar ved Byrknesvegen ovanfor Ånneland. Litt bratt sti i starten, og etterkvart deler den seg i to. Du kan velje begge alternativa, for dei møtast att lenger oppe. Etter ein knapp kilometer står du på toppen, og heile turen er greitt unnagjort på 1 time t/r også for små bein.

Turinformasjon ved startpunktet. 

Det gjekk fleire stiar til og frå toppen, så det er nok ein del andre turalternativ også. Men dei har ikkje vi prøvd.

Toppen har flott utsikt over alle øyane og innover Stølsheimen. For oss sunnfjordingar er det heller ikkje daglegdags å sjå oljeplattformer når vi er på fjelltur – men dei får du sett mange av her!
Toppen er fjelltrimpost for Ytre Sogn Turlag, og er ein ypparleg barnetur. Den inngår også i 3-fjellsturen som vert arrangert av turlaget i samarbeid med Barnas turlag Gulen. Dei 2 andre toppane er Veten på Byrknesøy og Piltevarden på Mjømna.

Oljeplattformer er ikkje noko daglegdags syn for oss i Indre Sunnfjord!

På veg opp passerer du denne flotte rasteplassen – Ånneland terasse. Her må det vere fint å grille og kose seg! 

Kartutsnitt frå ut.no


Source: http://feeds.feedburner.com/LivJanneSinTur-OgFjellblogg

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her